I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vart det kunngjort at Lindås kommunestyret i møte den 21.06.2018, sak 051/18, godkjente reguleringsplanen for Keilen vest, plan-id 1263-201105.
•Hovudføremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for eit større bustadfelt på Kjeilen, med 32 einebustader og 3‐4 fleirmannsbustader. Totalt vert det opna for maksimalt 50 bueiningar i området. Innanfor planen er det vidare lagt til rette for etablering av småbåthamn i eksisterande naustområde. Det er elles regulert inn leikeområde og lagt opp til koplingar ut mot friluftsområde.
•Det regulerte arealet er på ca. 192 mål. Feltet utgjer ca. 65 mål.
November 2020:
